Valhammer sklitakla seg sjølv

Ap-toppane misforstod fullstendig kor alvorleg opposisjonen såg på saka. Sjeldan har ein byrådsleiar feila så spektakulært i å handtere ei krise.

PÅ VEG UT: Det kan gå mot slutten for byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) og skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap).
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Det er ikkje lenger eit fleirtal i Bergen bystyre for det sitjande byrådet. Den konklusjonen kjem ikkje frå bystyret, men frå byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) sjølv.

Korleis i alle dagar kunne dette gå så gale?

For det fyrste er Vigilo-skandalen i seg sjølv svært alvorleg. Resultatet etter innføringa av skuleappen Vigilo har vore at personvernet til utsette kvinner og barn er blitt sett på hard prøve i Bergen.

Slik eg forstår det, vurderer byrådet og opposisjonen ulikt kor alvorleg innhaldet i sjølve saka er. Frå byrådet har det fleire gongar blitt sagt at det vil skje feil i store digitaliseringsprosjekt, og at det er noko ein til ein viss grad må leve med.

Om ein skandale er stor nok, er tilliten til dei som styrer feltet borte, nesten same kor mykje eller lite dei kunne gjort for å avgrense skaden.

Les også

Står fast på at hele byrådet vil gå av, men ikke før i mars

Og her var det innhaldet i saka som blei avgjerande for partia, slik eg forstår det. Då er alt det andre, som handtering og ordbruk, eigentleg underordna.

For det andre trur eg aldri Roger Valhammer forstod opposisjonen i denne saka. Éin ting er sjølve omfanget av skandalen, ein annan ting er kor ansvaret låg.

Fordi byrådet meinte at dei ikkje kunne gjort stort annleis, stod det truleg att éi forklaring: Når SV og høgrepartia rasla med mistillitssabelen, var det fordi dei spelte eit politisk maktspel.

Dette sa eigentleg Valhammer ope til BT torsdag kveld: «Eg er ikkje overraska over at Høgre og Frp gjekk for mistillit, men at SV gjer det, er eg overraska over.»

Kvifor i alle dagar skulle eigentleg SV ha mindre grunn til å fremje mistillit enn høgresida dersom dette ikkje handla om maktpolitikk, men berre om korleis ein såg på personvern?

Les også

Byrådskrise i Bergen: Flertall for mistillit mot skolebyråden

HAR IKKJE TILLIT: SVs gruppeleiar Mikkel Grüner har ikkje lenger tillit til skulebyråd Linn Kristin Engø.

Særleg i synet på SV bomma nok Valhammer fundamentalt. Etter årevis med Oddny Miljeteig på topp, er det nok inga sak som ligg nærare Bergen SV enn utsette barn og kvinner i byen.

Kombinér det med kva SV-arane har opplevd som maktarroganse frå Ap, og du får ein relativt eksplosiv cocktail.

For det tredje trur eg Valhammer og Engø gjorde vondt verre då skandalen låg der. Mitt inntrykk er at opposisjonen er blitt stadig meir frustrert.

Det ville vore djupt urettferdig å seie at ikkje byrådet har vore opptekne av å hjelpe dei menneska i byen som er blitt råka.

Samstundes: Der opposisjonen har høyrt om ei kvinne som har sove med eit balltre i senga, har dei frå byrådet høyrt uttrykk som «avvik vil førekome».

Les også

Debatt: Mistillit er et viktig demokratisk verktøy

I tillegg kjem sjølvsagt det faktum at Valhammer frå før sat svakt. Han er leiar for eit mindretalsbyråd som provoserte SV og Raudt kraftig i haust. Venstresida blei ofra for sentrumspartia i byrådsforhandlingane.

Det er i og for seg også interessant at Raudt landa på at dei har tillit til Engø, utan at det skal tolkast som eit uttrykk for sterk venskap mellom dei og Ap. Det var uansett ikkje mange vener der ute som stod klar til å redde han.

HØYRING: Denne veka var det høyring om Vigilo-saka. Den gjorde ikkje saka betre for skulebyråden, meinte fleire av partia.

Både Valhammer og Engø kan nok dessutan seiast å mangle tung nok styringserfaring for å takle denne typen kriser.

At byrådsleiaren torsdag gjekk ut med eit kabinettspørsmål som eskalerte situasjonen endå meir, må nok skrivast på kontoen for politisk amatørskap.

Så: Kva skjer eigentleg no?

Bystyrefleirtalet har ikkje varsla mistillit mot andre enn skulebyråd Linn Kristin Engø. Om ho blir kasta eller går av, kan byrådet med Ap, KrF, Venstre og MDG bli sitjande.

Førebels har Valhammer sagt at det er uaktuelt å «ofre» Engø. Dermed er det éin måte å unngå at saka om mistillit kjem opp i bystyret: At Engø går av sjølv.

Les også

Vil ikke si om hun vurderer sin stilling

Om Engø ikkje går, vil bystyret 11. mars handsame saka der Valhammer vil varsle byrådets avgang. Han kan også melde frå til ordførar Marte Mjøs Persen (Ap) før mars at han går av.

Om det blir 11. mars eller før, må Persen uansett gå til Høgres gruppeleiar Harald Victor Hove og be han sondere for å danne eit byråd. Det kan bli vanskeleg for Hove. Samstundes kan både KrF og Senterpartiet vere truande til å gå over midtstreken.

Får ikkje Hove dette til, vil jobben truleg gå tilbake til Valhammer. I så fall vil han kunne danne omtrent det same byrådet som i dag, men altså utan Engø.

Uansett korleis det går: Roger Valhammer feilvurderte situasjonen rundt valet, og må ta sin del av skulda for at Ap blei halvert i storleik.

Han feilvurderte stoda rundt byrådsforhandlingane, der han mista kontrollen og det blei KrFs Håkon Pettersen som fekk vippa ut SV.

Valhammer feilvurderte stoda rundt budsjettet, og tapte fullstendig kampen om historieforteljinga: Det som skulle bli Valhammers fyrste, tydelege budsjett, blei i staden ein SV-siger.

Og han har no feilvurdert korleis han skulle handtere Vigilo-skandalen.

Det er førebels konklusjonen om byrådsleiaren i Bergen.

Publisert: