For 35 år sidan i dag ville ein rugg i djupet måla krefter med ein ungdom på land. Rekorden står framleis.

Kaifiske

STORFISKEN: Nokre eventyrlege minutt kan gjere opp for all venting, fantasering, og draum om storfisk, skriv Vegar Valde.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Tenk om snøret ryk. 13-åringen på kaikanten var heilt sveitt. Vel var han i sitt ess, men ein vinterdag som denne hadde han ikkje vore ute for før.

Å gå ned på kaien og ta eit par kast var sjølve livet på den tida. Ny ni-fots Tjøstheim-stong med raude surringar og kraftig snelle. Rigga og klar.

Førebuingane var det ingenting å seia på. Det hadde blitt mang ein kaisommar med pala, lyr og makrell. No var sesongen utvida og hausten vart til vinter. Det var elles mykje å setta seg inn i.

Det er grunnleggjande for ein god vestlending å kunna sløya fisk, og heilt avgjerande å ha ein far som kan filetera når du kjem heim.

Å velja fiskeplass var enklare: kaien eller skulekaien. Dei låg med nokre hundre meters avstand, sentralt på Frekhaug. I høve til den brådjupe Salhusfjorden var dei likestilte.

Tredje desember i 1983 fall på ein laurdag. Dei fleste som kom på kaien den morgonen skulle til byen på julehandel. Det gjekk laurdagsbåt frå Nordhordland før brua kom, men alle skulle ikkje med den. Det var minst ein som berre skulle ta nokre kast.

Du veit du har gjort ein feil når sluken sit fast i botn, men når sluken sit fast og vil dra deg ned i djupet, då har du faktisk gjort alt rett og til og med hatt litt flaks.

Du kan ha fått på din livs fangst og ha framfor deg nokre eventyrlege minutt som gjer opp for all venting, fantasering, og draum om storfisk.

Så der stod eg, for 35 år sidan, med fiskestong i heilspenn og ein eller annan slåstkjempe i andre enden av snøret, som ikkje hadde tenkt å gje seg med det første.

Sakte blei beistet halt mot overflata. Eg hadde eit slags overtak, var yr og skrekkslagen på same tid. Noko gedigent kom til syne. Det skein nedi der. Hjelp, tenkte eg, korleis får eg dette på land?

Då handlefolka gjekk ned landgangen etter byturen den dagen, kunne alle sjå den stolte tenåringen som stod der med ein torsk på over ni kilo ved sida si. Ei summing av kommentarar og spørsmål. På stong? Oisann, den var stor! Korleis fekk du han opp?

Godt spørsmål. Då eg stod der og kjempa med kjempefisken på kroken, kom ein handlingens nabogut ruslande. Han las situasjonen fort, hoppa ned på ein stein bak kaiskuret og stod klar til å løfta juletorsken på land med berre nevane.

Det var ny personleg rekord og den gjeld framleis. Eg har faktisk aldri fått større fisk enn den torsken naboguten og eg bar heim mellom oss den dagen, etter nokre kast på kaien.

Publisert: